VEIT IKKJE, KANSKJE

 

Tankane

dei slumra

når du smile

slutta hjertet mitt å slå

 

Alt vi ser

alt vi he

e nåke som vi skal gå i frå

 

Du finn mej her

Ej finn mej sjøl

Ej finn mej i det

finn mej i dej

 

Synlig

det som vekse

mellom orda

mellom huda

mellom oss

 

Inne i sirkelen

et hjørne

 

Ej veit ej ikkje veit alt

men ej veit meir

enn før

 

​

E VI ÅLEINE

 

Tenk at ej e tanken på ken ej e

og skal bruke livet på å tenke på det

Går i ring

rundt omkring

og vil ingenting

Vent litt,

ej skal berre sleppe kontrollen

 

Ej vil ver med

inn dit det gjer vondt

Spele spelet

slik dei andre he gjort

Vi e to i et kryss

som vil ingenting

Skal berre sleppe kontrollen

 

E vi

E vi

E vi åleine

Evig åleine

 

Du vise mej rundt i dine mørke rom

som om ej aldri he vør der før

Det e krig i oss

vi fårkje fred

Men det går

det går

 

E vi åleine

E vi åleine

E vi åleine

E vi det

 

 

GREINENE

 

Viss du tek dej tid til å forstå

når ej bruka tid på å nå bunnen

Litt ette litt

ligna ej mej sjøl

 

Ej leita alltid ette nøkla

Tenke på alt du ikkje spør om

Av og til

leve vi mens det skjer

 

Ej e i skogen når ej drøyme

høyre greinene som pusta ut

 

Ej sitt inne og ser ut

Ej sitt ute og ser inn

Finn ingen plass å sette dej frå mej

 

Finst ej

på avstand

 

 

FARE

 

Sitt du her no uten å ver her

Du i lufta

ej på kvasse skår

Tål mej

når ej høyre på min egen støy

 

Du he alltid alt på det tørre

Gi mej lufta

ej skal brenne bål

Ej vil vare

men du stikk av og drukna oss i regnet

 

Vi som hausta det vi sår

Vi står i det kvite til det blir vår

Det blir aldri vår her

du kan ikkje forstå det

Alt det kvite

gjer mej sprø

 

Ej he begynt å svare annleis

Når du snakka

snur ej ryggen til

Ser i mørkret

Ser du mej

E du våken du mæ

 

 

FOR NÆR

 

Det e en ting ej vil sei

kankje du gå den veien

Viss du lika det samme

Kan vi gå samme veien

 

Finne du fram

finn du den veien du skal

Finne du fram

finn du din vei

 

ikkje kom for å nær

 

Ej skal finne dej att

i det mørkaste faret

Sjølv den djupaste natt

skal ikkje vare

 

Finne du fram

finn du den veien du skal

Finne du fram

finn du din vei

 

ikkje kom for å nær

 

 

IKKJE RØR

 

Kan vi prøve litt avstand

men at du e her

og ser på mej

Det e den måten du e på

som kler mej naken

Ej lika det

 

Ej dette ut av sesongen

prøva å ver nåke

ej ikkje e

Vil du ha mej sånn

Ej treng at du trur på

den ej e no

 

Kankje for at ej styra

Ej e så monge i et lite rom

E du alltid den samme

Korleis veit du

Veit du

det e oss to

 

Du røre mej rundt og rundt og rundt

Ej røre dej rundt og rundt og rundt

Ej hørtikje ka du sa

Det du sa i stad

då vi stod stille

 

Ej kan ver så redd for å vekke dej

Når du søve

sei ej alt til dej

Kan du bruke mej opp

Ingenting å spare

 

Vi leve no

 

IS

 

Våkna om natta

veit du kor ej e

E ej vekke, uavgjort, heime

knørva i ei krå

Skru på lyset

Sjå mej fryse tankane til is

Her skal eg skøyte att og fram

til rommet står i brann

 

Daga blir til år

Ej held i dej

du held i mej

Så stille her vi står

åleine

Vi veit det

Ej legg igjen det ej ber på

Ej held i dej

du held i mej

Så stille her vi står

åleine

Vi veit det

 

Ej går i gangen

Går i mej sjøl

Gøyme mej i skapet

no kan taket dette ned

Ej e hekta

Heile slekta

bor i skjelettet

Ligge livet framfor mej

eller ligge alt bak

Gi mej et svar

 

 

GÅR I ORD

 

Dagen e avlyst

Ej vil ver med videre

inn i natta

Det e oss to

E det oss to

Våre svarte skatta

 

Vill skrift i kroppen

Ej trenge en omvei

rundt alt bråket

Du ligge uttapå språket

visna til det svartna heilt

 

Du gror i bakken bak meg

Ej kjenne pusten luske mej i håret

Ett aue ope

Berre ver et aue

Vere dråpen

 

Ej riv av dagane

Ej riv og slit

 

Ej går i ord

Kanskje vil ej spele ditt spel

Kaste ringa, sjå på tinga

Leve livet som ifjor

Ej går i ord

Ej vil prøve å sei ka ej vil

Men det e so vanskli

Ej veit ikkje alltid ken ej e

 

 

VELG MEJ

 

E på veien ute å kjøre

Klamme ord sitt fast i øyret

Krype rundt i mørke ganga

Ord som vetet ikkje favna

 

Is på veien uten piggdekk

Ber på verdas tyngste ryggsekk

Ingen veit ken ej ber på

Ingen veit kor vi skal gå

 

Ej fell i tanka

du kan ikkje nå mej

Når du skal bli nåken

Viss du kan velge

Velg mej

 

Når ej fargelegg mej sjøl

blir det altfor masse søl

Ej vil tegne mej en kant

der ej veit at alt e sant

 

Ej lek utover heile rommet

lek utover heile golvet

lek utover uten stopp

ej lek

ingen sei det får ver nok

 

 

GØYME OG LEITE

 

Inni mej et tankekors

Som ei helsing frå andre sida

inni mej e et oss

under en foss av alt ej skulle ha sagt

 

Inni kroppen tusenvis

av gamle nøkla uten døre

Inni mej e det fullt

av ord som aldri kom ut når dei skulle

 

Det går ikkje over

Det går ikkje over

Det blir ikkje betre

Det blir ikkje betre

 

Inni dej

e ej der

Ser du ka ej tenke, ka ej føle

Foran vinduet ditt

tjukke falma gardine

 

Ej tenne lys i alle rom

og sett mej innerst for å vente

Natta blir grå

og veggane kjem nærare og nærare

 

Det går ikkje over

Det går ikkje over

Det blir ikkje betre

Det blir ikkje betre

Veit du ka som virka

Veit du ka som virka

Når ej kjenne at det knirka inn i her

Veit du ka som vir